Reduser cruisetrafikken i Haugesund!

Magnhild Johannessen Botten. 6.kandidat for Rødt på Karmøy. Foto: Kristine Stray

Magnhild Johannessen Botten. 6.kandidat for Rødt på Karmøy. Foto: Kristine Stray Foto:

Av
DEL

Leserbrev (Haugesunds Avis) Denne veka er det «cruise-dagar» i Haugesund. Nesten kvar dag denne veka ligg det store crui-seskip til kai i Haugesund med tusenvis av turistar som er klare for å sjå det Haugalandet har å by på. Det er positivt at det blir laga arrangement når desse skipa kjem slik at opplevinga blir betre for turistane og at næringslivet tener nokre kroner.

Å reise med luksuriøse cruiseskip er noko som har blitt meir og meir populært dei siste tiåra. I år er det 49 cruiseanløp til Haugesund, og til neste år er det planlagt 69 stykk. Rød Ungdom er sterkt imot å auke cruisetrafikken, spesielt når ein enda ikkje har fått lagt til rette for meir bere-kraftige cruiseskipanløp. Hamnedirektør i Karmsund Hamn, Tore Gautsen, har tidlegare denne månaden skrive i h-avis at Karmsund Hamn har som mål å tilby landstraum til cruiseskip om tre år. Dette vil hjelpe på ein del av utsleppa, men vi meiner likevel at cruisetrafikken er altfor ska-deleg for miljøet og må reduserast kraftig.

Motstanden mot cruisetrafikk auker i heile landet, og regionalt har både Rødt i Stavanger og SV i Haugesund kome med forslag til endringar. Haugesund SV har skrive at dei vil stansa all crui-setrafikk inntil landstraumen er på plass. Det er bra, men for lite offensivt av SV. For det er flei-re problem med cruisetrafikken enn utslepp når skipa ligg til kai.

I følgje ein studie frå den europeiske organisasjonen Transport & Environment (T&E) er Noreg eit av dei landa som er verst ramma av forureining frå cruiseskip. Eit av dei stoffa som cruise-skipa slepp ut, er nitrogenoksid (NOx). I Noreg slepp bilar ut omkring 13 000 tonn NOx, medan utsleppa frå cruisetrafikken er på meir enn 19 000 tonn NOx. Denne farlege gassen kan gje fleire helseplagar, som mellom anna astma.

I tillegg til at cruiseturismen er skadeleg for menneske, har den òg innverknad på naturen og dyre- og plantelivet i global skala. Til dømes vert sel og isbjørn påverka av klimaendringar og smeltande sjøis, og av useriøs turistaktivitet i Arktis. Det går grenser for kor mykje naturen tålar, og det er på slike sårbare stader at klimaendringane skjer raskast. Om vi ikkje gjer noko snart, vil det få store konsekvensar både for menneske og for naturen.

Eit argument høgresida ofte brukar for cruiseturisme er at det fører til meir liv i sentrum. Rød Ungdom ynskjer òg liv i sentrum, men ikkje på bekostning av miljøet. Kjøpesentra har størstede-len av skulda for kvifor folk forsvinn frå sentrum. Og om cruiseturismen held fram å auke vil ein risikere at lokale folk flytter ut av sentrum på grunn av forureining og turistpress, slik ein kan sjå i fleire byar i Europa og ikkje minst no i Stavanger.

Difor ynskjer Haugalandet Rød Ungdom ei kraftig reduksjon i antall cruiseskip i året, og at ing-en skip får kome før landstraum er på plass. Slik hindrar me fleire situasjonar som då «MSC Meraviglia» kom til Haugesund i mai og tåkela heile Hasseløy med utslepp. Det vil fortsatt koma fleire skip i året og med dei vil det fortsatt kome mykje turistar, men den totale belast-ninga på naturen og attraksjonane blir lågare. Og ved færre antall besøk blir det kanskje òg lettare å ha «cruise-dagar» og andre arrangement når dei først kjem, slik at næringslivet kan hal-de fram å tene på turistane.

Artikkeltags