Einebustad fikk store skader etter brann

TOTALSKADD: Huset som bann natt til sundag er totalskada.

TOTALSKADD: Huset som bann natt til sundag er totalskada. Foto:

Ingen var heime då ein einebustad i Åkrehamn fikk store skader i brann natt til sundag.

DEL

(Haugesunds Avis) HAUGESUND: Klokka 00.12 natt til sundag kom det melding om at det brann i ein einebustad i Åkrehamn. Klokka 00.49 kunne politiet melde at brannen var sløkt.

Politiet har vore i kontakt med dei som bur der, men ingenting tydar på at det var folk inne under brannen.

– Det er for tidleg å sei noko om årsaka. Bustaden er sperra av, og det vil bli gjennomført kriminaltekniske undersøkingar, fortel Håkon Tornes, vaktsjef på Haugesund Politistasjon.

Dette er den andre brannen i ein einebustad det siste døgeret, da det også brann på Kolnes på laurdagskvelden.

Folk i arresten

Ein del personar har tilbrakt natta i arresten.

Rett før klokka to i natt fekk politiet melding om to menn som slost i Haraldsgata. Da politiet kom, løp mistenkte.

– Det var ein kar som forsøkte å springe frå politiet, men blei innhenta og arrestert. Forklaring gitt på staden tilseier at han meir eller mindre uprovosert har sparka ein person i hovudet. Mannen er satt i varetekt, og ventar på å bli avhøyrt, seier Tornes.

Mannen hadde tidlegare på kvelden fått pålegg om å forlata sentrum, noko han ikkje etterkom.

Ein anna mann fekk pålegg om å forlate Haugesund sentrum etter at han hadde slått ein bartender på ein utestad i Haugesund natt til sundag. Han returnerte til sentrum kort tid, og drog inn på eit anna utestad der han blant anna urinerte i ei søppelbøtte.

Da var det nok for politiet, og han blei brakt inn og sett i drukkenskapsarresten.

– Me prøver å gi folk ein sjanse, og gav han først eit pålegg om å forlate sentrum. Han var ikkje interessert i å høyre på kva politiet sa til han, så me tok han inn, seier Tornes, og opplyser om at mannen i ettertid vil bli meld for å ikkje etterkomme dette pålegget, og eventuelt ein om kroppskrenking.

Klokka 03.12 rykka Sveio brannvesen ut på melding om brann i søppelcontainer på Tittelsnesveien. Da brannvesenet kom 03.24, var brannen allereie slukket.

Klokka 03:15 på Skånevik Bluesfestival var det ei ung kvinne som var overstadig berusa og utagerande.

– Ho blei først forsøkt overlet til helsevesenet, men dei meinte ho ikkje høyrde heime sjå dei. Dermed returnerte ho til festivalen. Igjen utagerte ho, det enda opp med at ho blei bragt til arresten i Haugesund, der ho blei tatt vare på i eit par timar, seier vaktsjef Tornes.

Melding om støy

Støyen var litt for høg på ei privat adresse i Haugesund, og politiet fekk inn melding 03.30.

– Då patruljen kom til staden, var det amper stemning. Tre av festdeltakarane sette seg imot at politiet skulle få slutt på bråket, seier Tornes.

Dei tre blei bragt inn til drukkenskapsarresten, og ein av dei har blitt meld for vald mot politiet. Dei to andre blei meld for å hindre politiet.

Vaktsjef Tornes fortel at dei ikkje har registrert noko bråk under Skudefestivalen i Skudeneshavn natt til søndag.

Artikkeltags